Senteret sitt bannerbilde
Viktig informasjon om Koronaviruset

INFLUENSAVAKSINERING SELJORD KOMMUNE

6. oktober 2020

KINOSALEN PÅ GRANVIN 21.OG 22. OKTOBER KL 15:00 - 18:00

TIMEBESTILLING PÅ TLF 35065272 FRÅ 12.OKT

KUN for pasientar i risikogruppa og alle over 65 år

  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsliding
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
  • diabetes type 1 og 2
  • kronisk lungesjukdom, hjerte-og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsett immunforsvar
  • BMI over 40
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom, etter individuell vurdering av lege

VAKSINA KOSTAR I ÅR KR 50,00, GRATIS DERSOM DU HAR FRIKORT

  • VIPPS eller kontant (ingen veksling)

Ver venleg å kle deg i ein overdel der ermet lett kan brettast opp

 

 

 

Nytt frå legekontoret

24. april 2020

Helsesenteret er framleis i beredskap og smitteverntiltaka er innført for å vara ei stund framover.

Dette betyr at alle dører vil vera låst og du må ringe på når du kjem til legekontoret/legevakta. Du vil få snakke med ein tilsett, som stiller deg ein del spørsmål. Dersom du skal inn til konsultasjon eller på laboratoriet, vil du kanskje bli bedt om å vente i bilen til det er din tur. Då vil du bli kontakta på telefon.

Når du kjem inn er det viktig at du vaskar hendane dine med håndsprit, som du finn rett innanfor døra. Dersom du må vente på venterommet, ber me om at du held avstand til dei andre som sit der.

Legane og sjukepleiarane har no 4 ulike konsultasjonstyper å tilby deg. Dette er konsultasjon med frammøte, elektronisk konsultasjon via Helsenorge, videokonsultasjon og telefonkonsultasjon. Alle konsultasjonstypene har samme takst og vil koste det samme for deg.

Telefontidene for enkle spørsmål til legane er til litt ulike tider. Me prøvar å legge tidene ut her og oppdatere så raskt me kan. Håpar det er forståelse for at det kan bli endringar raskt.

Me hjelper deg så snart me kan og svarar på spørsmål både på telefon og elektronisk, både via helserespons og helsenorge.

Mvh oss på legekontoret