Veka som har gått, har vore travel og rar. Mykje er nytt og alle rutinar er snudd opp ned. Vi har blant anna rigga eit eige legekontor for luftvegssmitte i lokala til helsestasjonen, og alle legane har i løpet av veka kobla seg på ei videokonferanse-løysing. Vi har fått nytt reinhaldspersonale, nyopplært hjelpepersonell, hjelp av pensjonert hjelpepersonell, nye prosedyrar, og alle legane har fått "ubiform"(!)

Trass i alt dette nye, så er vi her for dykk, pasientane våre. Dersom du har symptom som du vanlegvis ville ha kontakta legekontoret eller legevakta for, skal du framleis ta kontakt. Gjerne via Helsenorge eller her dersom det ikkje er noko som hastar, men for deg som synes det er vanskelig, så kan du ringe. Vi har ikkje stengt, men dersom det er lenge å vente før vi svarar, er det fordi vi får veldig mange telefonar nå om dagen.

I førre veke gjekk vi ut og sa at pasientar ikkje måtte koma til legekontoret eller legevakta utan avtale på førehand. Dei som har ei lett forkjøling og ikkje treng legetilsyn, bør halde seg heime til éin dag etter at dei er friske. Oppmodinga gjeld framleis, MEN hugs på at pasientar med alvorlege lidingar og andre sjukomar framleis skal ta kontakt med legen sin. Ikkje la vera å ta kontakt fordi du tru vi har så mykje å gjera, eller fordi du er redd for å vera til bry.