Du får beskjed og innkalling per SMS når det er din tur til vaksine, du treng ikkje ringe!

Telefon for spørsmål om koronavaksinasjon i Seljord: 409 13 567. Telefonen er betjent mellom kl 09.00-15.00. Får du ikkje svar blir nummeret ditt registrert og me ringer tilbake.

Det er viktig at alle møter til den oppsatte timen da vaksinene har kort haldbarhet og me risikerar å måtte kaste dyrebare doser.

Når det gjeld prioritering av kven som skal vaksinerast når så er det FHI som bestemmer dette. Me kan ikkje endre på dei prioriteringane som er satt.