Seljord Helsesenter
Velkommen til våre heimesider.
Vi ynskjer å gjera kontakten med oss så enkel som mogeleg. Derfor er det tilrettelagt for bestilling via denne sida og SMS for ordinær legetime. Dersom du må ha time raskt må du ta kontakt med oss på telefon som tidlegare.
På helsetenester i Seljord kommune finn du legekontor, legevakt, fysioterapiteneste, helsestasjon, jordmor.
Opningstider ved helsesenteret er 08:00 - 15:30 på vinterstid og til kl 15:00 i sommarhalvåret.
Telefonen er open mellom 08:00-12:00 og 13:00-15:00 heile året
Øyeblikkeleg hjelp: tlf 116117 Ved livstrugande tilstandar: ring AMK, 113.
Legevakta er open frå 15.30 kvar ettermiddag (15.00 om sommaren), og frå 08.00 - 22.45 i helger og høgtidsdagar. På natt frå kl 22.45-08.00 er me knytt til eit interkommunalt legevaktsamarbeid, med base på Notodden.
Aktuelt
23. mars 2023
Me har ein periode no fleire vikarlegar inne. Det kan vera vrient å koma i kontakt med dei på helsenorge, me ber derfor om at du derfor nyttar deg av helserespons for bestilling av reseptar og timar til vikarlegane.
13. januar 2022
Det kan i periodar vera lange ventetider på telefon til helsesenteret. Det er mange som gjerne vil ha kontakt med oss i løpet av ein dag, og me svarar så raskt me kan.
Nedanfor finn du fleire måtar å kontakte oss på, me set pris på om du kan benytte ein av dei ved henvendingar som forklara.
Telefontid til legane: Du kan ringe legekontoret for å bli sett opp til ei kort samtale med legen i løpet av dagen. Legane har ulike tider og dagar for sine telefontider. Ring derfor gjerne så tidleg som råd på dagen. Som oftast utløyser dette konsultasjonstakst.
Bruk av Helsenorge:
E-melding: Kontakt legekontoret. Denne tenesta kan brukast til administrative spørsmål. Meldinga går ikkje direkte til legen og blir som oftast besvara av ein sjukepleiar/helsesekretær.
E-konsultasjon: Du kan starte ein konsultasjon/samtale med legen om ei avklara problemsttilling som ikkje treng fysisk oppmøte. Denne går rett til din fastlege og blir besvara i løpet av 5 virkedagar. Du betalar vanleg egenandel for denne tenesta. Skal IKKJE brukast til øyebleikkeleg hjelp.
Forny resept: Fornye reseptane dine på fast medisin, medisinsk utstyr og anna medisin du har reseptar på frå før. Du vil på di side på Helsenorge finne oversikt over reseptar som er gyldige til utekspedering og når dei er fornya.
Bestill time: Send forespørsel til legekontoret og be om ein time. Kontoret opererar med 2 ulike konsultasjonslengder; korttime på 15 min og normaltime på 20 min. Skriv gjerne kva for konsultasjonstype du må ha og eit stikkord på problemstilling. Det kjem bekreftelse når timen er tildela.